Kulturlandskapsprisen 2019

Utsikt, Bødal i Gausdal
Utsikt, Bødal i Gausdal (Foto: Stig Horsberg, Fylkesmannen i Innlandet)

Kvart år sidan 2007 har den nasjonale kulturlandskapsprisen blitt delt ut av Norsk kulturarv. Den går til nokon som har gjort ein spesiell innsats for å ta vare på, utvikle og formidle verdiane i det norske kulturlandskapet. Har du ein god kandidat til prisen, kan du sende forslaget til Fylkesmannen innan 24. mars.

Alle kan sjølv nominere kandidatar til kulturlandskapsprisen, men Fylkesmannen har fått eit spesielt ansvar for å finne og prioritere gode kandidatar. Vi ber derfor om gode forslag. Både lag, foreiningar, institusjonar eller privatpersonar som har gjort ein spesiell innsats for kulturlandskapet kan nominerast. Send forslaget på e-post til ein av dei to kontaktpersonane i det skjemaet du finn til høgre. Fristen for å sende oss forslag er 24. mars.

Det er stiftelsen Norsk kulturarv som i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet deler ut prisen. Statsråd Olaug Bollestad leier juryen. Oppland har éin tidlegare vinnar, Nordheradsprosjektet i Vågå, som fekk prisen i 2009. I 2012 gjekk prisen til historiske hagar ved Marianne Olssøn og Ingeborg Sørheim i Ringsaker i Hedmark. Prisen er eit grafisk blad utført i tresnitt av Hans Normann Dahl og 50 000 kroner som er løyvd av Landbruks- og matdepartementet.

Kandidatane blir vurderte etter følgjande kriterier:

  • Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet
  • Det skal bidra til heilheit og mangfald i/for kulturlandskapet
  • Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet
  • Det skal vera knytta til bærekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet
  • Det skal auke tilgjengelegheita for allmennheita til kulturlandskapet
  • Det skal ha en læringseffekt om kulturlandskapet
  • Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom kulturlandskap og verdiskaping

Hensikten med å dele ut ein årleg nasjonal kulturlandskapspris er å

  • Bevisstgjera allmennheita på utfordringar i forhald til kulturlandskapsverdiar
  • Auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet
  • Bevisstgjera miljøverdiane i kulturlandskapet
  • Stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel