Unge med gjennomslagskraft

Nord-Fron har meiningssterke ungdommar som blir høyrd. -Eit fabelaktig ungdomsråd, seier ordførar Rune Støstad. Fylkesmannen møtte delar av det.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.03.2019

-Strekk ut hendene og klapp når eg seier NÅ!

Ronja Varpestuen er med i ungdomsrådet i Nord-Fron og MOTivator. Ho har eit poeng ho vil understreke for fylkesmannen. Ho venter eit par sekund og klappar i hendene. Dei fleste andre rundt bordet følgjer opp med eit klapp.

-NÅ!

Nokre få klappar igjen.

-Kvifor klappa de før eg sa NÅ?

-Fordi du gjorde det.

-Det er nettopp det. Det er så lett å berre følgje andre. Gjennom MOT arbeider vi for at ungdom i Nord-Fron skal bli robuste, tørre å vere seg sjølv og inkludere andre, seier ho.

Hjartesaker

Ordførar Rune Støstad i Nord-Fron er stolt over ungdommane «sine». Ungdomsrådet på si side meiner dei både blir høyrd og teke på alvor av dei som styrer i kommunen. Då kommunebudsjettet vart handsama i haust hadde ungdomsrådet tre hjartesaker som dei fremma for politikarane. Dei fekk gjennomslag for to av dei: Fri halleie og nedlegging av ungdomstrinnet ved Skåbu Oppvekst.

-Ikkje fordi vi meiner det faglege tilbodet i Skåbu ikkje er godt nok, men på grunn av det sosiale. På Vinstra er det fleire elevar og lettare å finne nokon med same interesser som seg sjølv, seier Jørgen Eriksen i ungdomsrådet. På spørsmål frå fylkesmannen om korleis ungdomsrådet involverer andre ungdommar er svaret:

-Det er ikkje vanskeleg å fange opp andre ungdommar sine synspunkt om du er litt vaken.

Samlar alle

Ungdomskonsulent Erik Tøftestuen ga Fylkesmannen innblikk i all den aktiviteten som går føre seg på Vinstra ungdomsklubb, som er open to-tre gongar i veka, og som han seier er kjernen i alt ungdomsarbeidet i kommunen.

-Å drive ungdomsklubb er ikkje eit lovpålagt tilbod, og kan lett bli ein salderingspost. Slik har det ikkje vore i Nord-Fron, seier han.

Kommunen har også ei samarbeidsavtale med nabokommunen Sør-Fron. Denne avtala gjer at ungdom frå båe kommunar samlast på klubben.

-Det er lett å tru at ungdomsklubben er for dei som ikkje har noko anna å gjere, men hos oss samlast alle typar ungdommar. Av dei som brukte klubben i 2018, var det litt over halvparten som svarte at dei ikkje var med på andre fritidsaktivitetar.

-Samstundes er godt ungdomsarbeid eit godt bulyst-tiltak. Med gode opplevingar frå eigen barndom og ungdom aukar sjansen for at du flytter attende til heimbygda, seier han.