Dronninga til Landskappleiken i Vågå

Hennes Majested Dronninga vitjar årets Landskappleik i vågå søndag 30. juni 2019. FolkOrg og Vågå spel-og dansarlag er arrangør av Landskappleiken 2019, og Dronning Sonja vil vere til stades under meisterkonserten.

Dronning Sonja er høg beskyttar av FolkOrg (frå før 2009 av Landslaget for spelemenn). Ordninga fungerer som ei verdsetjing av organisasjonar og arrangement innanfor viktige områder av samfunnslivet.

Dette vert andre gongen Dronninga vitjar eit av FolkOrg sine arrangement, men første gongen ho vitjar Landskappleiken. Leiar for Landskappleiken 2019.