No kan du bli lærarspesialist

No kan du som lærar søkje lærarspesialiststudiet for studieåret 2019/2020.
No kan du som lærar søkje lærarspesialiststudiet for studieåret 2019/2020. (Foto: Pixabay)

Regjeringa ønskjer å halde på gode lærarar i klasserommet, slik at dei kan bidra til meir læring for elevane. Målet med lærarspesialistordninga er nettopp å tilby nye karrierevegar for lærarar som ønskjer fagleg utvikling samtidig som dei underviser.

No kan du som lærar søkje lærarspesialiststudiet for studieåret 2019/2020, eller du som skuleeigar søkje om tilskot til lærarspesialistfunksjon for lærarar i din kommune.

Lærarspesialistane dukkar djupare i sitt fag eller fagområde, og tanken er at dei skal bidra i det kollektive profesjonsfellesskapet på skulen sin. Lærarspesialistordninga er dei to siste skuleåra prøvd ut med i overkant av 200 lærarar i faga norsk og realfag ved 168 skular over heile landet.

Frå hausten 2019 blir piloteringa utvida med 600 lærarspesialistar, og ordninga blir utvida til fleire fag og fagområde.

Lærarspesialistordninga skal gjere sitt for å utvikle skulen som ein kollektivt lærande organisasjon, og det er også et mål å bidra til at skolen i større grad kan rekruttere og halde på gode lærarar.

Du kan lese meir om lærarspesialistordninga her.

Kontaktpersoner