Fylkesmannen i Møre og Romsdal - årsrapportering 2016 og utfordringar for 2017
Det årlege oppdraget til Fylkesmannen kjem i Tildelingsbrevet og i Virksomhets- og økonomiinstruksen. Desse dokumenta er samla i Styringsportalen.
Kvart år skal det utarbeidast ein årsrapport i samsvar med krava i tildelingsbrevet. Den gir eit dekkande bilde av embetet sine aktivitetar og resultat på ulike ansvarsområde.
Årsrapporten for 2016 er no utarbeidd og ligg i styringsportalen for 2017, saman med nye styringssignal for inneverande år.
Fylkesmannen - rolle og funksjon
Lodve Solholm er fylkesmann i Møre og Romsdal frå 01.10.2009. Rigmor Brøste er assisterande fylkesmann.
Fylkesmannen er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket og utfører mange og svært allsidige forvaltningsoppgåver for staten (dei ulike departementa).
Fylkesmannen sine roller er nærare omtalt i styringsportalen:
Oppgåvene er grovt sett tredelte:
- å setje i verk Regjeringa/Stortinget sin politikk ute i kommunane/fylkeskommunen
- å samordne staten sin politikk/verksemd mot kommunane
- å passe på at innbyggjarane får den rettstryggleiken dei har krav på
Fylkesmannen har både reine fagoppgåver (for fagdepartement / direktorat) og meir generelle/samordna statsoppgåver.
Alle oppgåvene er i det vesentlege retta mot kommunane i fylket:
- formidling av statlege styringssignal
- fordeling av statlege tilskotsordningar
- klagesaksbehandling over kommunale og fylkeskommunale vedtak etter div. særlover
- tilsyn etter div. særlover
Fylkesmannen har oppgåver innanfor fleire fag- og forvaltningsområde:
- Folk og samfunn
- Barnehage og opplæring
- Barn og foreldre
- Helse, omsorg og sosialtjenester
- Miljø og klima
- Landbruk og mat
- Kommunal styring
- Plan og bygg
- Samfunnssikkerhet og beredskap
Fylkesmannsinstruksen har meir om oppgåvene til embetet:
Fylkesmannsembetet i Møre og Romsdal har omlag 150 tilsette og er lokalisert i Fylkeshuset i Molde. Embetet er frå 01.01.2014 organisert i to stabseiningar og fem fagavdelingar.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har utarbeidd ein strategiplan for perioden 2015-2018 der vi har løfta fram tre prioriterte satsingsområde på tvers av fagavdelingane:
- Betre oppvekst
- Kommunereforma
- Samordning av statlege motsegn knytt til kommunale planar
Strategiplanen gir rammer og retning for vegval, vurderingar og vedtak knytt til arbeidsoppgåver forankra i Fylkesmannens embetsoppdrag.
Stabseiningane:
- Administrasjon, med arbeidsoppgåver knytt til økonomi, personal, IKT, arkiv og service.
- Informasjon og kommunal samordning, med arbeidsoppgåver knytt til intern og ekstern informasjon, plansamordning etter plan- og bygningslova, kommuneøkonomi og økonomistyring, tverrfaglege prosjekt og satsingar, interkommunalt samarbeid m.v.
Fagavdelingane:
- justis- og beredskapsavdelinga
- helse- og sosialavdelinga
- landbruksavdelinga
- miljøvernavdelinga
- oppvekst- og utdanningsavdelinga
Kontaktpersonar
Videopresentasjonar med korte oppsummeringar
Videopresentasjonane finn du ved å klikke på bileta av fylkesmannen, assisterande fylkesmann og avdelingsdirektørane.
Videopresentasjonane og tekstene på dei ulike fagområda, gir ei kort oppsummering av 2016 og nye utfordringar i 2017.
Desse tar utgangspunkt i Fylkesmannen sin årsrapport for 2016 til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.