Om oss

Fylkesmennenes fellesadministrasjon leverer administrative tenester til alle fylkesmannsembeta. I samarbeid med fylkesmennene utviklar og driftar vi også digitale tenester til innbyggjarane.

Kva er Fylkesmannen?

Fylkesmannen er statens representant i fylket og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Fylkesmannen er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter.

Fylkesmannen er både tittelen til ein person og namnet på ein organisasjon. Det er ti fylkesmenn i Noreg.

Kva er Fylkesmennenes fellesadministrasjon?

Fylkesmennenes fellesadministrasjon leverer administrative tenester som er felles for alle dei ti fylkesmannsembeta. Dette gjer vi for å standardisere og effektivisere prosessane, og sikre vidareutvikling av det administrative området. Alle embeta brukar tenestene våre.

FMFA har administrative tenester, system og løysingar innan desse områda:

  • Vi leverer alle IKT-tenester og IKT-utstyr i embeta (unntatt telefoni).
  • Vi leverer alle tenester innan arkiv og dokumentforvaltning. 
  • Vi rettleiar, legg til rette og koordinerer arbeidet med informasjonstryggleik.
  • Vi inngår rammeavtalar og gjennomfører innkjøp som er felles for alle embeta. Når eit enkelt embete gjer innkjøp over terskelverdi, rådfører embetet seg med oss, men embetet blir likevel avtalepart.
  • Innan fagområdet HR/personal og økonomi har vi ansvar for informasjon og rettleiing, vi gir råd og kvalitetssikrar, vi standardiserer prosessar, utviklar malar og verktøy og utformar dessutan retningslinjer på fagområdet.

FMFA har høg fagkompetanse innan det administrative området, og kjenner embeta godt. Oppdraget vårt er å levere gode administrative tenester som støttar fylkesmannsembeta i deira samfunnsoppdrag.

Les meir om leiinga og organisasjonsstrukturen i FMFA

Kontakt oss