Innsyn

Fylkesmennenes fellesadministrasjon (FMFA) fører journal over dokument som er arkivverdige, i tråd med arkivlova. Vi fører journalen etter kvart vi sender ut eller mottek dokument. Du kan sjå breva og dokumenta våre på nettstaden https://einnsyn.no

Om ordninga

Når du er inne på eInnsyn, klikkar du på valet «Filtrer i statlege verksemder» og vel deretter «Fylkesmennenes fellesadministrasjon».

Du kan sortere søket ditt etter dokument/sak og verksemd. Du kan velje å avgrense perioden det vert søkt i.

Klikk på knappen «Be om innsyn» ved sida av dokumenta du ønskjer å bestille. Bestillinga di blir behandla i postmottaket vårt.

Dersom du ser etter dokument som er sendt til eller frå eit av fylkesmannsembeta, må du velje det aktuelle fylkesmannsembetet på lista over statlege verksemder.

Om eInnsyn

Offentleg elektronisk postjournal, eInnsyn, er ei felles publiseringsteneste for postjournalane hjå statlege verksemder.