SMS-varsling om rovvilt i beitesesongen

Me oppmodar alle beitebrukarar i rovviltregion 2 til å registrere seg for SMS-varsling om viktige hendingar knytt til store rovdyr i beitesesongen.

Beitebrukarar i tidlegare Aust-Agder (rovviltregion 2) kan registrere seg for SMS-varsling om viktige hendingar knytt til store rovdyr i beitesesongen. Du kan registrere deg for SMS-varsling her: https://rovviltvarsling.fylkesmannen.no/. 

Inntil vidare er denne tenesta dessverre ikkje tilgjengeleg for tidlegare Vest-Agder (rovviltregion 1).

Me oppmodar alle beitebrukarar til å registrere seg for denne tenesta, og minner samstundes om at det er viktig at Fylkesmannen får melding om rovviltobservasjonar og kadaverfunn der det er mistanke om store rovdyr.