Kvotefri jakt på gaupe i region 1

Det er opna for kvotefri jakt på gaupe i heile Region 1 i 2020 i perioden 1. februar til 31. mars.

Rovviltnemnda opnar for kvotefri jakt på gaupe i heile Region 1 i 2020. Jakttid er
1. februar til 31. mars. For utøving av jakta gjeld reglane i viltlova med
tilhøyrande forskrifter.

Felling eller forsøk på felling skal så snart som råd meldast til Fylkesmannen.
Felte dyr skal dessutan framsynas til Statens naturoppsyn for prøvetaking m.v.
med opplysning om kjønn, alder, tidspunkt for felling og fellingsstad.

Fangst av gaupe skal utøvast etisk forsvarleg og i samsvar med reglane for bruk
av fangstreiskap. Bruk av fangstreiskap krev godkjenning frå Fylkesmannen.

Rovviltnemnda kan til ein kvar tid gjere om vedtaket dersom ny informasjon ligg
føre.