BU-prisen 2018 for Aust-Agder gjekk til Tine Meieriet Setesdal

Arbeidet med å vere innovativ og marknadsorientert er avgjerande for at TINE sitt minste meieri er oppretthalde og har ein solid posisjon både internt i TINE og i regionen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.12.2018

Tine Meieriet Setesdal fekk bedriftsutviklingsprisen for landbruket i Aust-Agder dette året. Meieriet er ein svært viktig aktør i Setesdal, både som arbeidsplass og lokal næringsutviklar.

Juryen tildelte prisen til dei tilsette med meierisjef Tor Kåre Helland i spissen.

– Å drive lønsamt med stadig nye produkt er utfordrande for eit lite anlegg. Utan kompetente og entusiastiske tilsette og solid satsing på medarbeidardreven innovasjon, hadde ikkje dette vore mogeleg, sa meieristyraren.

Kontaktpersoner