Tørke, avlingsskadeerstatning og arealtilskot

Det meste av Trøndelag har fått for lite regn i sommar og mange får avlingsreduksjon. Kor stor reduksjonen blir varierer sjølvsagt etter kor mykje nedbør ein har fått, vekst, jordart og om ein har vatning eller ikkje. Dei som på grunn av tørken får redusert avlinga med 30 prosent eller meir, samanlikna med normalen, vil kunna få ei økonomisk erstatning gjennom ordninga «Klimabetinga skader i plante- og honningproduksjonen».

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.07.2018

Erstatning for avlingssvikt

Dersom avlingsreduksjonen er større enn 30 % i ein vekst så kan ein søkje om å få avlingsskadeerstatning. Når ein reknar ut denne erstatninga så blir den avlinga ein har hausta trekt frå erstatninga. Landbruksdirektoratet har sagt at dersom ein haustar kornet som «som grovfôr» så skal verdien av dette grovfôret omreknast til kilo korn som blir trekt frå erstatninga. Landbruksdirektoratet seier også at dersom ein får til ein avling nummer to («grønfôravlinga») så skal denne ikkje takast med ved berekning av avlingsskadeerstatning.

Dersom ein skal få erstatning for klimabetinga avlingssvikt så må ein melde frå til kommunen så snart ein ser at det er skade, dette for at kommunen skal kunne å sjå på areala før hausting.  Søknadsfrist for avlingsskadeerstatning er 31. oktober i skadeåret.

Arealtilskot sjølv om avlinga blir lita

Nokre kornåkrar er så dårlege at det blir lite eller ikkje korn å hauste. Desse areala kan sjølvsagt gå fram til modning og bli hausta som vanleg korn. Areala vil då sjølvsagt få arealtilskot som korn og ein kan søkje om avlingsskadeerstatning dersom ein tilfredsstiller krava for det.

Kornareal hausta til grovfôr får arealtilskot som korn

På grunn av at det ser ut til å bli ein vanskeleg grovfôrsesong så har Landbruksdirektoratet opna for at ein kan hauste kornareal som heilgrøde til grovfôr og likevel behalde arealtilskot for korn. Desse areala kan ein om ein vil så til på nytt med «grønfôr» som ein andre vekst og som ein kan slå utpå hausten. Tilskotsmessig vert desse areala framleis kornareal.

Les meir utfyllande på Rundskriv 2018-24, revidert 12.07.2018 her.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.