Tilskot til psykologar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene for 2018

Ordninga skal bidra til at alle kommunar har rekruttert psykolog ved innføring av lovkrav om psykologkompetanse i 2020. Målet er å styrke kvalitet og kompetanse i det heilskaplege og tverrfaglege kommunale arbeidet innan psykisk helse og rus, vald- og traumefeltet.

Ordninga skal bidra til at alle kommunar har rekruttert psykolog ved innføring av lovkrav om psykologkompetanse i 2020. Målet er å styrke kvalitet og kompetanse i det heilskaplege og tverrfaglege kommunale arbeidet innan psykisk helse og rus, vald- og traumefeltet.

Tilskotsbeløpet er satt til 400 000 kroner per 100 prosent psykologstilling. Kommunar som ikkje tidlegare har fått tilskot til foremålet blir prioritert.

Kommunar som søkjer om å nytte psykologen i rusarbeid, vert og høgt prioritert. 

Søknadsfrist er 1. februar 2018. Søknadsskjema som de finn her: https://helsedirektoratet.no/tilskudd/psykologer-i-de-kommunale-helse-og-omsorgstjenestene. Det skal fyllast ut eit søknadsskjema for kvar psykologstilling som det vert søkt om tilskot til.

Tilskotet skal styrke tilbodet til:

  • menneske i alle aldersgrupper med risiko for å utvikle, eller som har utvikla, problem knytt til psykisk helse, rusmiddelbruk og/eller vald og traume
  • barn og unge som har vore utsette for vald og overgrep/traume og/eller som treng oppfølging for å gjennomføre skule og opplæring.

Regelverk, rettleiing til regelverket og meir om tilskotsordninga finn du på Helsedirektoratet si nettside.

Viktig informasjon til kommunar som fekk tilskot i 2017:

  • Frist for rapportering for tilskot motteke i 2017 er 1. februar 2018.
  • Økonomirapportering for 2017 skal gjennomførast i eigenerklæringsskjema som og fins på Helsedirektoratet si nettside. Skjermaet erstattar levering av rekneskap og revisorattest, og sendast til fmtepost@fylkesmannen.no, merka med saksnummer frå tildelingsbrevet.
  • Rapportering for 2017 skal gjennomførast i Questback. Kontaktperson i kommunen får denne tilsendt på e-post frå Helsedirektoratet i midten av januar.
Søknadsfrist:
01.02.2018 16:00:00
Målgruppe:
Menneske i alle aldersgrupper med risiko for å utvikle, eller som har utvikla, problem knytt til psykisk helse, rusmiddelbruk og/eller vald og traume. Barn og unge som har vore utsette for vald og overgrep/traume og/eller som treng oppfølging for å gjennomføre skule og opplæring
Ansvarlig:
Fylkesmannen og Helsedirektoratet
Hvem kan søke:
Kommunar i Telemark
Rapporteringsfrist:
01.02.2019 00:00:00

Kontaktpersoner