Opnar ikkje for kvotejakt på gaupe i 2018

Rovviltnemnda i region 2 har vurdert kvotejakt på gaupe, og komen fram til at det ikkje skal opnast for jakt i 2018.

Rovviltnemnda i region 2 (Telemark, Vestfold, Buskerud og Aust-Agder) viser til at gaupebestanden ligg under det nasjonalt fastsette målet for regionen. For å sikre at bestandsmålet blir nått før jakt i 2019 finn nemnda ikkje grunnlag for å opne for kvotejakt på gaupe i 2018. Dette blei bestemt på møte i rovviltnemda 9. november.

Avgjerd om ikkje å opne for jakt er ikkje eit enkeltvedtak og kan derfor ikkje klagast.

Les meir om saka på heimesida til Fylkesmannen i Buskerud. Her finn du og dokumenta i saka.