Skogsvegbygging i Telemark 2017

Det blei bygd ferdig 8,2 km nye skogsbilvegar og ombygd 38,1 km skogsbilvegar i 2017, som det vart gjeve tilskot til.

Nye skogsbilvegar
Nye skogsbilvegar blir nå i stor grad bygd i sprengt fjell som forsterkingslag og berelag, og knust fjell til slitelag. Byggekostnaden i 2017 var på 1 122 kr/m inkl. bruer. Kostnad for ferdig bygde nye skogsbilvegar var på 9,21 mill. kr i 2017. Byggekostnaden pr. meter har vore i utvikling dei seinare åra på grunn av auka byggekvalitet med sprengt og knust fjell og i stadig mindre grad bruk av knust naturgrus og stadeigne massar.

Fokuset på bygging av skogsbilvegar med solid byggekvalitet er aukande. Dette gjev ein kostnadsreduksjon ved både bruk og drift av vegen. Auka mengd regn og flaum, meir intens tømmerbiltransport, heilårs bruk av skogsvegane og behov for å bygge vegar med enklare vegvedlikehald har bidratt til fokus på byggekvaliteten.

Ombygde skogsbilvegar
Skogsbilvegnettet i Telemark er i mange område rimeleg godt utbygd, og det blir årleg bygd om 4-5 gonger meir skogsbilvegar enn det blir bygd nye. Ombygging av skogsbilvegar skjer i aukande grad ved utskifting av svake masser med blokk og stein av ulik storleik frå sprengt fjell frå pallar langs vegtraseen og forsterking av undergrunn, påkøyring av knust fjell til bere-, avrettings- og slitelag. Dette har som for nyanlegg stor verdi for å gi varige vegar, med lågare kostnader til vedlikehald i framtida, og med høg motstand mot regn og flaum. Kostnad for ferdig bygde nye skogsbilvegar var på 10,55 mill. kr i 2017.

Investering i skogsvegar
Investering i bygging og ombygging av skogsvegar i 2017, uavhengig av om vegen er ferdig eller ikkje, har kosta 18,2 mill. kr. Kostnaden på ferdig bygde skogsvegar i 2017 var på 20,0 mill. kr.

Tilskott til skogsvegar
Samla blei det gjeven 6,77 mill. kr til skogsbilvegar ferdig bygd i 2017, med ein gjennomsnittleg tilskottsprosent på 34. Til nye søknader om bygging av skogsvegar var det gjeve tilsegn om 8,53 mill. kr til 50 veganlegg.

Kostnadsutvikling skogsbilvegar Telemark 1988 - 2017

Kostnadsutvikling skogsbilvegar Telemark 1988 - 2017

Kontaktpersoner