Bioenergimarknad i endring

Heltredrifter kan igjen bli aktuelt for å dekke behovet for energivirke i Telemark.
Heltredrifter kan igjen bli aktuelt for å dekke behovet for energivirke i Telemark.

Stigande interesse for å søkje om støtte til etablering av nye biovarmeanlegg gjennom bioenergiprogrammet, etter auka lønnsemd for dei etablerte bioenergianlegga denne vinteren.

Vinteren 2017/18 var kald i Sør-Noreg med større snømengder og lågare temperaturar enn dei føregåande åra. Fyllingsgraden i vassmagasina var også lågare enn normalen denne vinteren. Dette saman med andre faktorar i den europeiske kraftmarknaden gjorde at straumprisen var om lag 25 % høgare enn 1. kvartal året før, og i snitt den høgaste sidan 2011. I mange veker denne vinteren var Noreg netto importør av kraft frå utlandet.

I mai månad slo været om med sterk sommarvarme og snøsmelting i fjellet, men med svært lite nedbør. Sterk varme utan nedbør fører til at meir vatn fordampar utan å kunne nyttast i vasskraftverka. Internasjonalt har både kolprisen og prisen for å sleppe ut CO2 (i form av CO2 kvoter) auka med over 25 % på et par månader. Alt i alt gir dette ein energipris i dag og i prognoser framover som ligg på eit høgare nivå enn det vi har sett på mange år.

Kva har så dette å seie for bioenergimarknaden lokalt? I Telemark hadde det før denne vintersesongen akkumulera seg eit stort lager av energivirke. Aktørane i marknaden har denne vinteren funne eksportmoglegheiter i ein europeisk marknad som har eit stadig aukande fokus på klimavennlege løysingar. Samstundes har lokalt forbruk auka kraftig. Lagra av energivirke er no borte og prisen på energivirke er auka med 20–30 %.  Fleire av biovarmeanlegga har opplevd utfordringar med energiflislogistikk og mangel på virke.

Lønnsemda for dei etablerte biovarmeanlegga har vore god denne vinteren etter fleire milde vintrar med lite forbruk og låg varmepris. Interessa for å søkje om støtte til etablering av nye biovarmeanlegg gjennom bioenergiprogrammet synast stigande.

Det er skogressursar i Telemark som gjev rom for eit berekraftig uttak av enda større volum av virke. Sjølv om avverkinga har auka for kvart år dei 4 siste åra i fylket, visar fleire ulike berekningar at det  er rom for å ta ut kanskje 150 – 200 000 m3 meir tømmer årleg. Dersom det til dømes lykkast å etablere norsk biodrivstoffindustri basera på skogressursar vil ein måtte utnytte dette på ein betre måte enn i dag.

Mindreverdig virke til energiformål kan haustast frå til dømes jorde- og vegkantar, gjengroingsareal og hogstflater. I Telemark er det mest rundtømmer og sagflis frå sagbruk som har blitt nytta i biovarmeanlegga. No er situasjonen slik at ein på ny ser på grot- og heiltredrifter. Ein fellesnemnar for auka aktivitet på dette området er ein kraftpris som etablerer seg på nivået med det som har vore våren 2018.

Kontaktpersoner