Aukande aktivitet i skogbruket i Telemark

I 2017 vart det avvirka over 702.000 m3 med tømmer for sal i Telemark. Vi må tilbake til 1990-talet for å finne tilsvarande aktivitet i skogen. Gjennomsnittsprisen i 2017 var 337 kr/m3 og det er registrera aukande konkurranse om tømmerstokken.

Det er registrera hogst på 1007 skogeigedommar fordela over heile fylket.

Hogsten må følgje strenge reglar for berekraftig skogbruk, der det blir lagt vekt på miljøomsyn og friluftsliv. Sett i eit klimaperspektiv er tømmer eit fornybart materiale som i svært mange tilfelle kan nyttast i staden for andre meir klimabelastande produkt.

Du kan lese meir om skogbruk i Telemark i Fylkesmannens årsmelding. Årsmeldinga gir oversikt over Fylkesmannens innsats på dette fagområdet, samtidig som den inneheld statistikk og oversikt over skognæringas aktivitet, omfang og økonomiske betydning i Telemark.

Datagrunnlaget er i stor grad henta frå skogfondsrekneskapen og frå Fylkesmannens og kommunanes forvaltning av økonomiske verkemiddel i skogbruket.

Årsmeldinga finn du i menyen til høgre.

Kontaktpersoner