Vandringstur i kulturlandskapet i Svartdal

No blømer systermarihanda og andre vårblomar. Møt opp ved Brekkabakken i Svartdal måndag 21. mai (2.pinsedag) kl 13. Turen går frå Blika.

Tema: Slåtteeng, systermarihand, solbøner og songar ved Ingvill Buen Garnås.    

Hugs godt fottøy og klede etter vêret. Turen varer til ca kl 16.

Ta med eiga niste, drikke og sitjeunderlag/stol. Gratis deltaking og inga påmelding. Vel møtt til ein fin tur i kulturlandskapet!

Arr. Utvalde kulturlandskap Hjartdal og Svartdal

Lenke til Landbruksdirektoratets nettside om kulturlandskap i Telemark: Hjartdal og Svartdal

Kontaktperson Torunn Raftevold Rue Mob.nr: 95 90 84 40