Set SMIL-saker på kartet

Landbruksforvaltinga i Telemark etablerer ei redigerbar nettbasert kartforvalting av SMIL-saker (Spesielle Miljøtiltak I Landbruket).

I 2010 etablerte Fylkesmannen i Telemark ei kartbase for stadfesting av SMIL-saker. Saker tilbake til 2004 blei, så godt det lét seg gjere, kartfesta. Utgangspunktet var å få ei oversikt over kor tilskota blei brukte. Det blei tidleg eit mål om å tilretteleggje portalen slik at landbruksforvaltinga i kommunane kunne bruke portalen som sitt forvaltingssystem i sakshandsaminga. For å få til dette måtte vi få til ei autentisering slik at det berre var autoriserte brukarar som kom inn i kartportalen. Dette er no på plass ved bruk av ArcGIS Server og ArcGIS Online.

Kommunane Drangedal, Hjartdal og Seljord har vore pilotar hausten 2017 og portalen blei presentert på kommunesamlinga 7. februar. I veke 8, 9 og 10 blei det gjennomført workshop, og alle kommunane har deltatt.

Det er eit mål å tilretteleggje løysinga med data og eigenskapar som kommunane ønskjer slik at portalen blir opplevd som eit nyttig verktøy. Innspel frå pilotkommunane er tatt med, og ønskje om å utvide basen med tema "drenering" vil vi ta tak i.

Tilbakemeldinga frå brukarane er positiv:

  • Låg brukarterskel
  • Utføre jobben ein gong, ein plass
  • Samle tema som er med i vurderinga av saker i same portal
  • Vise lengde og areal på objekt
  • Få oversikt over kvar tilskotsmidlar er bruka

I portalen er det mogeleg å søkje på adresse/stadnamn, gnr./bnr. og saksnummer. Det er sett opp eit filter slik at saker kan visast i karta etter status. Vidare er det lagt inn måleverktøy, teikneverktøy og utskriftsfunksjon. Det er også lagt inn ein utvalsfunksjon som gir brukar høve til å identifisere saker som nærmar seg frist for fullføring, slik at desse eventuelt kan følgjast opp.

Fylkesmannen følgjer opp saka med å registrere saksnummeret vårt når saka blir sendt oss, og ved å endre status til "Ferdig gjennomført" når endeleg sluttutbetaling er gjennomført.

Kontaktpersoner