Jordvettregel nr. 1

«Inga planlegging utan å ta omsyn til jorda» lyder fyrste jordvettregel for Telemark.

I Telemark er berre 2 % av landarealet dyrka mark. Den dyrka marka har ulik kvalitet og moglegheit for å produsere ulike vekstar, og samla sett er det ein svært avgrensa ressurs. Det har difor mykje å seie korleis vi forvaltar desse areala. Her kviler det eit ansvar på grunneigar, men og på kommunen som planmyndigheit. Også for den einskilde innbyggar kviler det eit ansvar om å ta omsyn og sette pris på lokal matproduksjon.

Jordvernet er skjerpa dei siste åra og reduksjon i omdisponering av dyrka mark er viktig for å bidra til FN sitt mål om auka matproduksjon og sjølvberging. Dette gjeld for Noreg og dette gjeld for kommunane i Telemark.

Arealprinsipp for godt jordvern gjer oss medvetne på kva som er viktige prioriteringar i omsynet til dyrka mark. Det er fyrst og fremst viktig å unngå å omdisponere, og for å dempe presset på utbygging er følgande hugsereglar viktige:

  • Sjå på ombruk av utbygd areal før nytt
  • Sett tydelege utbyggingslinjer mot jordbruksareal i kommuneplanen
  • Følg opp og ha fokus på fortetting i utbyggingsområde
  • Vurder alternative areal før det blir bygd på dyrka mark

Sjå www.jordvettregler.no.

Kontaktpersoner