Auka satsing på dei Utvalde kulturlandskapa i 2018

Telemark har fått 1 350 000 kr til tiltak for å styrke dei utvalde kulturlandskapa i fylket. Dei to utvalde kulturlandskapsområda i fylket er Jomfruland/Stråholmen og Hjartdal/Svartdal.

Både det kystnære og det fjellnære kulturlandskapet vert her fremja med sine kvalitetar knytt til tradisjonell bruk, rike naturverdiar og kulturminne i aktive jordbruksområde. Pengane vil gå til tiltak for å ta vare på og fremje dei rike kvalitetane. Sentral forskrift og lokale reglar gjeld for å søkje om støtte til dei utvalde områda i Telemark.

I 2018 vert det innvilga ei ramme på 29 778 000 kroner til Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Av dette er 8 000 000 kroner sett av i jordbruksoppgjeret, og 21 788 000 kroner over Klima- og miljødepartementet sitt budsjett. Dette er ei auke i tildeling frå 2017 på vel fem millionar kroner, og heng saman med satsing på å auke talet på område i Noreg.

Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har ynskja ei auka satsing på slike særleg verdifulle område i Noreg, og Hjartdal/Svartdal kom med på lista i 2017. Utvalde kulturlandskap har vore ei satsing sidan 2009. I 2017 vart det 32 utvalde område i Noreg, innan 2020 er det venta om lag 45 område med særskilte kulturlandskapsverdiar.