No hentar vi effektar av den digitale satsinga i kart-Noreg

8. mai 2017 var Nome, Bø og Sauherad dei første kommunane i Telemark som gjekk over til sentral lagring av kartdata.

Gårsdagen sitt regime kor kartdata blir lagra lokalt i den einskilde kommunen, og det 1 - 2 gonger årleg blei sendt kopi til Kartverket som kontrollerte og la data inn i den nasjonale basen, er no på veg ut. Det nye regimet er lagt opp med ein sentral kartbase hos Kartverket, der alle kommunane på sikt skal oppdatere eigne data.

For det første gjer det at eit tidkrevjande kopiregime blir eliminert. Alle partar i Geonorge får tilgang til oppdaterte data heile tida. Landbruket, som er ein part i Geovekst, vil no gjennomføre det løpande ajourhaldet av AR5 (Arealressurskart i målestokk 1:5000) til bruk i eiga forvaltning og til nytte for alle andre i den sentrale kartbasen.

I denne videoen til Kartverket er det ei grei forklaring på opplegget.

Her er ein førebels plan for overgang til sentral lagring for kommunane i Telemark:

  • Porsgrunn - Skien, Siljan og Bamble - november 2017
  • Notodden og Hjartdal - desember 2017
  • Kragerø, Drangedal, Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje har signalisert 1. halvår 2018 som eigne ønske
  • Tinn ønsker overgang på eit seinare tidspunkt

 

Kontaktpersoner