God jordvernstatistikk for Telemark

Tal for Telemark syner at omdisponeringa går ned.
Tal for Telemark syner at omdisponeringa går ned.

Førebelse KOSTRA-tal for Telemark syner at det vart omdisponert 21 daa dyrka mark i 2017, mot 41 daa i 2016. Dette er dei lågaste tala for Telemark målt dei ti siste åra. Det er og lågast samanlikna med alle fylka i Noreg.

Nedbygging av dyrka mark i Telemark har dei siste to åra vore svært låge, og vi ser ein tendens til nedgong over fleire år. Tala for Telemark syner førebels at det er anna bygg og anlegg, samferdsel og teknisk infrastruktur samt bustad som utgjer omdisponeringstala for Telemark Omlag 2 daa er omdisponert til landbruket sine føremål.

Dei nasjonale omdisponeringstala syner for 2017 ialt 3700 daa i Noreg. Dette ligg under det vedtatte jordvernmålet på under 4000 daa innan 2020. Medveten haldning og kunnskap om areala er viktig i arbeidet med å få ned tala på omdisponering av dyrka mark. Dei nasjonale føringane har auka fokuset på matjorda sin plass i samfunnsplanlegginga, og både den dyrka marka og den marka som kan dyrkast opp att er teken inn som viktige planleggingstema i kommunane. Jordvernarbeidet i Telemark er eit felles ansvar, der både grunneigarar, utbyggjarar, planleggarar og forvaltninga samarbeider. Ser ein på tala for Telemark tyder det på at dette samarbeidet fører fram.

KOSTRA-tala må og sjåast saman med anna statistikk om areala. KOSTRA viser kva som er vedteken, men ikkje faktisk nedbygde areal pr. år. Største trusselen på lang sikt for jordbruksareala er at dei vert nedbygd eller omdisponert til føremål som er irreversible. Men gjengroing og manglande oppfølging av driveplikt er og viktige moment for å halde omdisponeringstala nede. Låge omdisponeringstal og god oppfølging på dei areala som er i drift er svært viktig for å halde tala for Telemark låge framover.

KOSTRA er eit rapporteringssystem for kommunar og stat på ei rekke verksemdområde. For landbrukssektoren rapporterer kommunane mellom anna på kor mykje areal som er vedteken nedbygd. Den faktiske nedbygginga ser ein ikkje før tiltaket er gjennomført og nedbygd.

Endelege KOSTRA-tal kjem i juni.