Ein kveld for å heidre kulturlandskapa

Dato:
4. april 19:00 - 21:30
Sted:
Granvin kulturhus, Seljord
Ansvarlig:
Styret for utvalde kulturlandskap Hjartdal og Svartdal, støtta av Fylkesmannen i Telemark
Målgruppe:
Alle interesserte

Oscar Puschmann er kjend frå sitt arbeid med å dokumentere landskap i endring. Saman med fleire fagpersonar vitjar han Granvin kulturhus i Seljord 4. april kl. 19.

I samband med at Svartdal og Hjartdal er plukka ut som eitt av 32 Utvalde kulturlandskap i Noreg er alle ynskja velkomen til foto- og kulturlandskapskveld. Få med deg denne kvelden i ord og bilete, ein hyllest til landskapa som vi har arva og tek vare på for våre etterkomarar.

Les heile programmet her.

Hjartdal og Svartdal vart innlemma i satsinga på dei Utvalde kulturlandskapa i 2017. Området har rike kvalitetar knytt til naturmangfald og kulturminne, innanfor aktive jordbruksområde. Satsinga gjev området moglegheiter til å gjennomføre tiltak og planar som tek vare på og visar fram desse verdiane.

Dato:
4. april 19:00 - 21:30
Sted:
Granvin kulturhus, Seljord
Ansvarlig:
Styret for utvalde kulturlandskap Hjartdal og Svartdal, støtta av Fylkesmannen i Telemark
Målgruppe:
Alle interesserte

Kontaktpersoner