Kampanje mot mobbing i veke 36 "Vaksne skaper vennskap – saman"

Målet for kampanjen er å medverke til auka fokus på vennskap og samarbeid for å motverke mobbing.  Årets kampanjeveke, 2.-6.september, skal handle om at vaksne samarbeider for gode og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø.

Kva kan kommunane gjere?
• Ta initiativ til ei lokal markering.
• Dann tverrfaglege nettverk/grupper.
• Sprei kunnskap om kor viktig det er med vennskap og samarbeid.
• Oppfordre foreldre og andre vaksne til å delta i kampanjen.
• Be barnehagar, skolar og klubbar setje temaet på dagsorden.
• Signer lokalt Manifest mot mobbing, dersom det ikkje allereie er gjort. 

Tips og råd til lokale markeringar og tiltak finn du her: www.udir.no/mmm Nettstaden vil bli oppdatert fram mot skolestart. 

Les brevet frå statsminister Jens Stoltenberg og dei andre manifestpartane her: http://www.udir.no/Laringsmiljo/Arbeid-mot-mobbing/Manifest-mot-mobbing-2011-20141/Kampanje-2013-Voksne-skaper-vennskap---sammen

Les også vår oppfordring til lokalt samarbeid: http://www.udir.no/Laringsmiljo/Arbeid-mot-mobbing/Manifest-mot-mobbing-2011-20141/Samarbeid-om-tiltak-for-vennskap-og-inkludering


Aktuelt

Kontakt:
Berit Moen
35 58 63 53