Verjemål

Ei verje sikrar interessene til ein person som anten er mindreårig, eller som har fått oppnemnt verje, og handlar på vedkommande sine vegner. Ein person som treng hjelp til å sikre sine eigne interesser, kan få verje både på det økonomiske og det personlege området.

Det å få verje vil seie at du får hjelp til gjeremål du ikkje greier sjølv, slik at du kan fungere på lik linje med andre i samfunnet. Eit verjemål skal vere tilpassa behova du har, og det skal ikkje vere meir omfattande enn det som er nødvendig. Verja skal ta omsyn til kva du ønskjer.

Fylkesmannen vart lokal verjemålsmynde frå 1. juli 2013, og er førsteinstans på verjemålsområdet. På landsbasis forvaltar fylkesmannen no rundt 72 000 verjemål og finansielle midlar til ein verdi av over 19 milliardar kroner. 

Klagerett

Du kan klage på eit vedtak om oppretting av verjemål. Dei som har rett til å klage er vedkommande som er sett under verjemål, verja, den som har sett fram kravet om verjemål eller personens ektefelle/sambuar, næraste livsarving og søsken. For andre vedtak enn oppretting av verjemål er det vanlig klagerett etter reglane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Du skal sende klagen til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan omgjere vedtaket, eller sende klagen vidare til Statens sivilrettsforvaltning, som er tilsynsmynde og klageinstans for vedtak gjort av Fylkesmannen.

Vis meir


18.04.2018

Verjesamling i Sogndal

Vi arrangerer verjesamling i Sogndal torsdag 3. mai, og vi ønskjer å invitere deg som er verje til å delta på samlinga.

Les meir


11.04.2018

Brukarundersøking for verjer 2018

No kan du gje tilbakemelding om korleis det er å vere verje og kor nøgd du mellom anna er med kommunikasjonen med Fylkesmannen. IKT-avdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har på oppdrag frå Statens Sivilrettsforvaltning laga ei brukarundersøking for verjer i alle fylke.


19.03.2018

Endringar i føring av timeliste for representantar og verjer for einslege mindreårige

Fylkesmannen har gjort endringar i skjema for søknad om godtgjering og utgiftsdekning for representantar og verjer for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar (EMA og EMF).


12.03.2018

Vi avlyser verjesamlinga i Florø 22.03.2018

Grunna låg påmelding må vi avlyse den planlagde samlinga i Florø. Vi oppmodar alle som er interesserte om å bli med på samlinga i Førde 21.03.2018 i staden. Kontakt oss på verjemål om du har spørsmål eller ønskjer å melde deg på.


28.02.2018

Individtilpassa verjemål

Når ein person får oppnemnd verje er det i hovudsak på grunn av personen sitt hjelpebehov og at personen er i ein tilstand som gjer at han eller ho ikkje evnar å ivareta behovet sitt på eiga hand. Når det blir sendt inn søknad om behov for verjemål skal behovet til personen vere skildra i søknaden. Behovet som er skildra vil vere avgjerande for kva mandat verja vil få. 


16.02.2018

Verjemålsportalen i ny drakt

Verjemålsportalen har fått ny drakt, og gjer det lettare for deg å sende førespurnadar, søknadar eller rekneskap til oss via Altinn. Bruk av Altinn er enkelt, tidssparande og ikkje minst trygt.


15.02.2018

Fastlegar pliktar ikkje å melde om behov for verjemål

Fastlegar har ikkje plikt til å melde om behov for verjemål til Fylkesmannen. Fastlegar kan likevel søke om verjemål for pasientar.


14.02.2018

Med framtidsfullmakt kan du bestemme sjølv

Har du tenkt på kva som skjer og kven som skal ta i vare interessene dine dersom du i framtida blir så sjuk at du ikkje lenger kan gjere det sjølv? Verjemål er eit alternativ, men det finst ei løysing der du på førehand kan skrive ned kva du ønskjer skal skje med deg og dine eigedelar og kven som skal ta i vare dine interesser. Du kan opprette ei framtidsfullmakt og bestemme sjølv.


09.02.2018

Verjesamlingar våren 2018

Fylkesmannen skal i løpet av mars - april 2018 gjennomføre fire verjesamlingar. Vi ønskjer å invitere deg som er verje til å delta på ei av desse samlingane.


11.01.2018

Ny telefontid på verjemål

Frå og med 11.01.2018 endrar vi telefontid på verjemål. Vi vil no vere tilgjengelege kvar dag, mellom kl. 9 og 11.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel

Kontaktpersonar

Aktuelt

Vi har telefontid kvar dag mellom kl. 0900 og 1100

Vi har rullerande telefonvakt,
ring sentralbord på 57 64 30 00 
eller send e-post

Handbok for verjer

Handbok for verjer