Tilsyn med familievernkontora

Fylkesmannen har gjennomført tilsyn med Nordfjord familiekontor og Familiekontora for Sunnfjord og Sogn.

Tema for tilsynet var om familievernkontora er merksame på opplysningsplikta til barnevernstenesta etter familievernkontorlova § 10, og om kontora følgjer opp barns rett til å bli høyrt i mekling, jf. meklingsforskrifta § 1 og barnelova § 31.

Tilsynet vart gjennomført som eit skriftleg tilsyn, basert på svar på spørsmål vi sendte til leiaren av familievernkontoret og gjennomgang av skriftleg dokumentasjon. Konklusjonen i rapporten er eit uttrykk for kva vi har sett gjennom den dokumentasjonen tilsynet har fått tilgang til.

Det vart ikkje avdekka lovbrot under tilsynet. Tilsynet er difor avslutta.

Dato:
29. august - 8. desember
Stad:
Skriftleg tilsyn
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/ Gunn Randi Bjørnevoll
Målgruppe:
Familievernkontora i Sogn og Fjordane

Kontaktpersonar