Tilsyn med Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet

Fylkesmennene skal gjennomføra landsomfattande tilsyn med barnevernsinstitusjonar i 2018, for å sjå på den daglege omsorga barna får og institusjonanes bruk av tvang. 

Vi skal i tilsynet sjå på om institusjonane gir barna forsvarlege tenester på desse områda: 

  • Tydelege rammer som sikrar barn tryggheit
  • Stabil og god vaksenkontakt
  • Førebygging av alle typar bruk av tvang og avgrensingar
  • Gjennomføring av tvang i akutte faresituasjonar
  • Oppfølging av alle typar bruk av tvang og avgrensingar

Medverknad vil vere eit gjennomgåande og integrert tema i det som skal undersøkjast. Fylkesmannen skal snakke med alle barna som er plassert på institusjonen og mellom anna undersøke om deira rett til medverknad blir ivareteke.

Tilsynet blir gjennomført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon er ein systematisk undersøking av om styringssystemet sikrar etterleving av krav som er gitt i eller i medhald av lov.

Dato:
22. mai - 24. mai
Stad:
Nordfjordeid
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/ Gunn Randi Bjørnevoll
Målgruppe:
barnevernsinstitusjonar

Dokument