Tilsyn med Flora kommune og Florø barneskole

Tilsynet går ut på å kontrollere om Flora kommune følgjer regelverket i opplæringslova med forskrifter. For å kontrollere dette undersøkjer vi skulens praksis ved Florø barneskole.

Flora kommune og Florø barneskole er valde ut på bakgrunn av kor sannsynleg det er at krava i regelverket ikkje er oppfylte, og kva for konsekvensar det kan få for elevane. Denne risikovurderinga byggjer på informasjon Fylkesmannen har frå ulike kjelder.

Temaet for tilsynet er skulens arbeid med elevane sitt skulemiljø. Under dette temaet kontrollerer vi følgjande undertema:

1. Skulens aktivitetsplikt for å sikre at elevane har eit trygt og god psykososialt miljø, jf. opplæringslova §§ 9 A-2, 9 A-3, 9 A-4 og 9 A-5 og forvaltningslova § 11.

2. Skulens plikt til å arbeide førebyggjande, informere og involvere for å fremje eit trygt og godt psykososialt skulemiljø for elevane, jf. opplæringslova §§ 9 A-3,9 A-8, 9 A-9, 11-1, 11-1a, 11-2, 11-5, 11-5a, 11-6 og forvaltningslova §11.

3. Skuleeigars forsvarlege system i forhold til tema 1 og 2, jf. opplæringslova § 13-10 andre ledd.

Dato:
28. februar - 1. mars
Stad:
Florø barneskole
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Helge Pedersen
Målgruppe:
Kommunen