Utgreiings- og tilretteleggingsmidlar i landbruket

Midlane skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, inkludert økologisk, og utvikling av andre landbruksbaserte næringar som til dømes lokalmat og Inn på tunet.

Aktuelle søkjarar er organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan/nettverk, hovudsakleg innan landbruket.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane forvaltar midlane til utgreiings- og tilretteleggingstiltak og har fått tildelt 3,8 mill. for 2018. Ein del av midlane er bunde opp til fleirårige prosjekt.

Døme på tiltak der desse midlane kan nyttast:

  • Matproduksjon: mobilisering og rådgjeving mot bønder for omstilling og nyskaping i det tradisjonelle jordbruket
  • Økologisk landbruk: økologisk kjøt fram til forbrukar
  • Skog og bioenergi: områdeplanar for skogsvegar
  • Bygdenæringar: mobilisering og rådgjeving mot kjøparar og tilbydarar for Inn på tunet
  • Lokalmat: nettverk av bedrifter som ynskjer å gjere ei kartlegging/utgreiing

 Søknadsfrist er 3. april.

 

Søknadsfrist:
03.04.2018 23:59:00
Målgruppe:
Organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan, hovudsakleg innan landbruket
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søkje:
Organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan, hovudsakleg innan landbruket

Kontaktpersonar

Lenkjer