Utdanningsdirektoratet tek over tilskot til leirskuleopplæring

Kommunane vil i løpet av våren få ein førespurnad frå Utdanningsdirektoratet om leirskuledeltakinga er gjennomført likt det som blei registrert i GSI.

Frå og med vårhalvåret 2018 er forvaltninga av tilskotet overført frå Fylkesmannen til Utdanningsdirektoratet. Tilskotet vil bli berekna på bakgrunn av opplysningane kommunane har registrert i GSI og eventuelle korrigeringsmeldingar frå kommunane.

Les meir om tilskotet på udir.no

Søknadsfrist:
15.06.2018 00:00:00
Målgruppe:
Tilskotet skal stimulere kommunane til å sende elevane på leirskule
Ansvarleg:
Utdanningsdirektoratet
Kven kan søkje:
Kommunar som har sendt elevar på leirskule og fylkeskommunar som har ansvar for grunnopplæring ved institusjonar.

Kontaktpersonar