Tilskudd til tettare planting som klimatiltak

Skogeigarar kan søkje om tilskudd til tettare planting som klimatiltak. Nytt av året er ekstra tilskot til suppleringsplanting.

I statsbudsjettet for 2017 er det no tilgjengeleg ca. 22 mill kr til tettare planting som klimatiltak. Det vert ikkje fylkesvise rammer, så søknader bør sendast fortløpande.

Søknad skal sendast kommunen så snart som mogleg etter at tiltaket er avslutta og faktura er mottatt. Kostnader for plantekjøp og utplantingsarbeid skal registrerast samla i eitt tiltak, og det er høvesvis tiltaka «Nyplanting» og «Suppleringsplanting» som skal nyttast.

Frist for skogeigar til å levere refusjonskrav og søknad om tilskot til kommunen er 1. august for vårplanting og 7. november for haustplanting.

Meir informasjon på nettsida Forynging av skog er klimatiltak og verdiskaping

Søknadsfrist:
07.11.2017 23:00:00
Målgruppe:
Skogeigarar
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søkje:
Skogeigarar

Kontaktpersonar