Tilskot til utsiktsrydding

Tilskot til utsiktsrydding knytt til jordbruket sitt kulturlandskap skal gje auka utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og vegnære utsiktspunkt til landbruket sitt kulturlandskap. Sogn og Fjordane har vel 9,4 mill kr til utsiktsrydding i 2018.

Alle føretak som er registrert i Einingsregisteret og som ønskjer å rydde vegetasjon for å auke utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og vegnære utsiktspunkt til landbruket sitt kulturlandskap kan søkje på ordninga. Dersom søkjar ikkje er grunneigar eller rettshavar, må det føreligge skriftleg løyve til tiltaket frå desse.

Søkjarane skal sende søknaden til kommunen der tiltaket skal gjennomførast. Kommunane sender si tilråding til Fylkesmannen, som gjer vedtak om tilskot.

I 2018 vert søknadane handsama fortløpande etterkvart som dei kjem inn inntil midlane er fordelte, men førebels søknadsfrist for innsending er sett til 15. oktober.

Meir informasjon finn de på nettsida vår om utsiktsrydding

Søknadsfrist:
15.10.2018 23:59:00
Målgruppe:
Føretak som ønskjer å rydde vegetasjon for auka utsikt til landbruket sitt kulturlandskap
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søkje:
Alle føretak som er registrerte i Einingsregistertet og som ynskjer å rydde vegetasjon for å auke utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og vegnære utsiktspunkt til landbruket sitt kulturlandskap.

Kontaktpersonar