Tilskot til tiltak mot marin forsøpling

Det er avsett 80 millionar kroner til opprydding av marint avfall i år. Fristen er 15. februar.


Minstesummen ein kan søkje om er 300 000 kroner. Om du ynskjer å søkje støtte til mindre ryddeprosjekt kan du nytte deg av refusjonsordninga for handtering av herrelaust marint avfall til Hold Norge Rent

Miljødirektoratet forvaltar tilskotsordninga på 80 millionar kroner som skal gå til tiltak mot marin forsøpling. Pilotprosjektet på miljøvenleg vedlikehald av båtar for å redusere bruken av bunnstoff vidareførast i 2018, men det opnast i første omgang ikkje for søknadar til nye prosjekt. Nytt frå 2018 er pilotprosjektet Fishing for Litter som vert ein del av tilskotsordninga.

Marin forsøpling er ein av dei store miljøutfordringane vi har. Avfallet utgjer ein stor risiko for dyre- og fugleliv og medfører kvart år store kostnader for samfunnet. Vi oppfordrar lag og organisasjonar til å søkje om gode tiltak for å rydde opp i marin forsøpling!

Marin forsøpling i Sørværet. Foto: Johannes Anonby

Søknadsfrist:
15.02.2018 00:00:00
Målgruppe:
Frivillige og ideelle organisasjonar, stiftelser, private bedrifter, sjølvstendige kommunale og interkommunale selskaper og samarbeidsorganer (for eksempel friluftsråd).
Ansvarleg:
Miljødirektoratet

Kontaktpersonar