Tilskot til tilbod til mennesker med langvarige og/eller samansette tenestebehov

Målet for ordninga er å styrke tilbodet til personar med langvarige og samansette tenestebehov. Ordninga skal òg bidra til utvikling av heilskaplege og samtidige tilbod til utsette barn og unge.

Målgruppe for ordninga er vaksne med alvorlege psykiske helseutfordringar og/eller rusmiddelproblem, valdsproblematikk og som har langvarige og samansette behov for behandling, rehabilitering, oppfølging og støtte. Barn og unge med psykiske/rusrelaterte problemer og lidingar, samt dei som lever med høg risiko for å utvikle psykososiale vanskar og deira familiar.

Fylkesmannen forvaltar tilskotet på venger av Helsedirektoratet. Meir informasjon om tilskotsordninga og regelverk ligg på nettsida til Helsedirektoratet.

Søknadsfrist:
20.03.2018 23:59:00
Målgruppe:
Vaksne, barn og unge med psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem med langvarig og samansette behov for behandling, rehabilitering og oppfølging
Ansvarleg:
Helsedirektoratet v/Fylkesmannen
Kven kan søkje:
Kommunar, statlege/kommunale/fylkeskommunale bedrifter. Kommunar og helseforetak kan søkje i fellesskap

Kontaktpersonar

Dokument