Tilskot til spreiing og implementering av velferdsteknologi 2018

Kommunane kan søke tilskot som inngår i nasjonalt program for velferdsteknologi.

Hovudmålet for Nasjonalt program for velferdsteknologi, som er ein del av Omsorgsplan 2020, er at velferdsteknologi skal vere ein integrert del av tenestetilbodet i omsorgstenestene i 2020. Programmet går no over i ein spreiings- og innføringsfase.

Tilskotet skal vere med til å realisere gevinstane for brukarar, pårørande og tenestene.

Prosjekt som i 2017 vart innvilga tilskot til implementering av velferdsteknologi i tråd med dette tilskotsregelverket og som deltek i Nasjonalt velferdsteknologiprogram, vert prioritert.

Vidareføring av prosjekt som er med i Nasjonalt velferdsteknologiprogram vert prioritert framfor nye prosjekt.

USHT v/Førde kommune vart i 2017 tildelt midlar.

Tilskotet er ei stimuleringsordning for delvis dekking av utgifter til prosjektleiing og implementeringsstøtte i kommunane. Det vert ikkje gitt tilskot til innkjøp av utstyr.

Kommunane sender søknaden til Helsedirektoratet og søknaden vert vurdert i samarbeid mellom Fylkesmannen og Helsedirektoratet.

Omsorgsplan 2020 - velferdsteknologi

Regelverk

 

Kontaktpersonar:

Helsedirektoratet: Elisabeth Djønne, tlf. 95 77 84 08

KS: Kristin Standal, tlf. 48 12 08 48

 

Søknadsfrist:
01.03.2018 15:00:00
Målgruppe:
Kommunane
Ansvarleg:
Fylkesmannen, Helsedirektoratet og KS
Kven kan søkje:
Kommunane

Kontaktpersonar