Tilskot til opplæring gitt til barn og unge som søker opphald i Noreg - haust

Tilskotet skal bidra til finansiering og stimulere kommunane og fylkeskommunen til å gi opplæring til barn og unge som søker opphald i Noreg.

Tilskotsordninga gjeld barn og unge asylsøkarar i alle type mottak og omsorgssenter. Ordninga gjeld òg barn og unge som søker familiegjennforening.

Tilskotsordninga sluttar å gjelde når søknaden om opphaldstillatelse er avgjord og asylsøkaren/eleven har flytta til bustadkommunen eller reist ut av landet.

Grunnskuleopplæring

For å få tilskot er det krav om at det blir gitt grunnskuleopplæring og at eleven oppheld seg lovleg i landet. Elevar i alderen 6-18 år utløyser tilskotet, og tilskotsordninga omfattar både barn og unge asylsøkarar og barn og unge som søker familiegjennforeinging. Ordninga gjeld for elevar fram til og med det skuleåret dei fyller 18 år.

Vidaregåande opplæring

For å få tilskot er det krav om at det blir gitt vidaregåande opplæring og at eleven oppheld seg lovleg i landet. Ordninga gjeld for elevar fram til og med det skuleåret dei fyller 18 år.

Opplæring etter §4A-1 andre ledd ("meir grunnskole") gjev ikkje tilskot under denne tilskotsordninga.

Søknad og rapportering

Kommunen/fylkeskommunen sender søknad om tilskot til Fylkesmannen ved å nytte søknadsskjemaet frå udir.no.

Det er ingen rapportering utover det som skal opplysast om i søknadsskjemaet. Fylkesmannen behandlar og utbetalar tilskotet.

Søknadsfrist for opplæring gjennomført i

  • vårsemesteret er 15. juni 
  • haustsemesteret 15. desember

Berekning av tilskot

Tilskotet blir berekna etterskotsvis etter ein sats per månad per barn i ti månedar per skuleår (fire månedar på hausten og seks månedar på våren) og blir utbetalt kvart halvår. Satsane blir fastsett av Stortinget.

Les meir om ordninga på udir.no

Søknadsfrist:
15.12.2017 23:59:00
Målgruppe:
Tilskotet skal bidra til finansiering og stimulere kommunane og fylkeskommunen til å gi opplæring til barn og unge som søker opphald i Noreg.
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Magne-Bjarte Hatlem
Kven kan søkje:
kommunar og fylkeskommunar

Kontaktpersonar