Tilskot til kompetanseheving i omsorgstenestene i samanslegne kommunar

Stortinget har gjort vedtak om ekstra kompetansehevingstilskot for tilsette i helse- og omsorgstenestene i kommunar som skal slå seg saman.

Sogn og Fjordane har fått tildelt kr. 1 487 603,00. Tilskotet vert delt likt mellom dei 12 samanslåingskommunane i vårt fylke. Tilskotet kan overførast til 2018.

Målet for ordninga er kompetanseheving i helse- og omsorgstenestene.

Det vert lagt opp til forenkla søknadsbehandling. Det vert ikkje stilt krav til kva kompetansehevingstiltak tilskotet kan brukast til. Rapportering på tilskotsordninga vert samordna med rapporteringa for kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot.

Regelverk for ordninga finn de her eller i lenke til høgre.

Statsbudsjettreferanse: kapittel/post 0761.60  Helse- og omsorgsdepartementet

Søknadsfrist:
06.11.2017 23:59:00
Målgruppe:
Tilsette i omsorgstenestene med brukarane av tenestene i siste instans
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/seniorrådgjevar Anne Eli Wangen
Kven kan søkje:
Kommunane i Sogn og Fjordane som har gjort vedtak om kommunesamanslåing

Kontaktpersonar