Tilskot til kommunar med vanskar for å rekruttere fastlegar

Helsedirektoratet har kunngjort tilskot til kommunar med vanskar for å rekruttere fastlegar. 

Helsedirektoratet forvaltar sjølv tilskotet og gjev tilskot til følgjande:

  • Tilskot til etablering av nyoppretta fastlegeavtale med få eller ingen innbyggjarar på lista der det kan dokumenterast rekrutteringsvanskar.
  • Tilskot til kommunane for å legge til rette for spesialistutdanning i allmennmedisin for både nytilsette og etablerte legar i kommunen.
  • Tilskot til andre kompetansehevande tiltak i allmennlegetenesta, som vil  betre stabilitet og rekruttering.

Les meir om tilskotsordninga og søk på Helsedirektoratet si heimeside.

Kontaktperson hjå Helsedirektoratet er:

Elin Johanne Sæther
elin.johanne.saether@helsedirektoratet.no
Tlf: 24 16 31 44

Søknadsfrist:
06.04.2018 00:00:00
Målgruppe:
Kommunar med rekrutteringsvanskar av fastlegar eller manglande stabilitet i allmennlegetenesta
Ansvarleg:
Helsedirektoratet
Kven kan søkje:
Kommunane