Tilskot til frisklivs-, lærings- og meistringstilbod

Sogn og Fjordane har i år fått tildelt kr 850 000,-. 

I 2017 fekk Sogn og Fjordane kr. 800 000.

Søknadsfristen er 15. mars 2018.

Mål for tilskotsordninga

Tilskotsordninga skal stimulere kommunane til etablering og vidareutvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod, som bidreg til å fremje helse og livskvalitet og førebyggje sjukdom, og til at brukaren lærer å meistre livet med sjukdom. Tilskot til etablering av nye frisklivssentralar er framleis prioritert.

Arbeidet skal ta utgangspunkt i deltakaranes behov for tenester i eit livsløpsperspektiv og i aktiv samhandling med brukarorganisasjonar, frivillige og ideelle organisasjonar og private aktørar. I søknaden må det gå fram korleis brukarmedverknad skal gjennomførast i planlegging og drift av arbeidet. Det skal også leggast vekt på likemannsarbeid.

Fullstendig regelverk for tilskotsordninga

Fylkesmannen går ut ifrå at dei som søker om tilskot er kjent med det fullstendige regelverket for tilskotsordninga, ma. kriteria for måloppnåing.

Regler for klagebehandling

Tildeling av tilskot under ordninga er ikkje eit enkeltvedtak. Det er ikkje klagerett etter forvaltningslova § 28.

Andre krav

  • Ved interkommunalt samarbeid treng vi dokumentasjon for det forpliktande samarbeidet mellom samarbeidskommunane.
  • Tilskotet vert tildelt for eitt år av gangen, og i utgangspunktet i tre år med atterhald om Stortingets behandling av det årlege statsbudsjettet. I særskilte tilfelle kan tilskotet forlengast.
  • Kommunane skal delfinansiere arbeidet som det vert søkt om støtte til. Det er forventa ei opptrapping av kommunens delfinansiering i løpet av tilskotsperioden.

Rapportering

Kommunane som mottek tilskot i 2018 skal rapportere til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane innan 1.april 2019. Meir informasjon om rapportering kjem saman med tildeling av tilskotet.

Søknaden skal sendast på  e-post til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

 

Søknadsfrist:
15.03.2018 16:00:00
Målgruppe:
Personar med auka risiko for å utvikle samansette helseplager og kronisk sjukdom, og som har trong for å endre levevaner og til å meistre livet med sjukdom og plager
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søkje:
Kommunar i Sogn og Fjordane
Rapporteringsfrist:
01.04.2019 16:00:00

Kontaktpersonar

Dokument