Produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket

Formålet med tilskot etter forskrifta er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk innafor dei målsettingar Stortinget har trekt opp.

Produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid er ein fellesnemnar på fleire tilskotordningar som føretak med landbruksproduksjon kan søke på. For å ha rett på tilskot må føretaket vere registrert i Brønnøysundregisteret med eige organisasjonsnummer og drive vanlig jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedommar.

Det er to teljedatoar og to søknadsfristar i året:

  • Søknadsfrist 15. mars med teljedato 1. mars
  • Søknadsfrist 15. oktober med teljedato 1.oktober

Det er berre ei utbetaling i året basert på dei to søknadane, og den vert i februar året etter søknad.

Søknad må leverast elektronisk.

Kommunen handsamar og avgjer søknadar om tilskot.

Meir informasjon om «Produksjonstilskudd og tilskudd til avløsning ved ferie og fritid» finn de i nettartikkelen på heimesida vår.

Søknadsfrist:
15.03.2018 23:59:00
Målgruppe:
Registrerte foretak
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søkje:
Føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon

Kontaktpersonar