Fylkesberedskapsrådet øver på samhandling

Fylkesberedskapsrådet gjennomførte i dag ei skrivebordsøving med totalforsvaret som hovudtema.

Sivilsamfunnets rolle i totalforsvaret får stadig meir merksemd og hausten 2018 vil Noreg vere vertsnasjon for NATO-øvinga Trident Juncture. Som eit ledd i dette arbeidet gjennomfører fylkesberedskapsrådet i dag ei table top-øving. Eit viktig tema er sivilsamfunnets rolle ved ein tenkt krigssituasjon. Øvinga tek utgangspunkt i øvinga Trident Javelin, som vart gjennomført i november 2017.

Målet med øvinga var å løfte overordna problemstillingar og sikre eit felles situasjonsbilete. Eit tema som fekk særleg merksemd under øvinga var fylkesberedskapsrådet si rolle, og korleis vi kan sikre gode samhandling ved ei slik hending.

Kontaktpersonar