Krisehandtering og samordning

Ansvarsprinsippet inneber at den instansen som er ansvarleg for eit område i ein normalsituasjon, også har ansvaret ved ekstraordinære hendingar og kriser. Nærleiksprinsippet inneber at kriser skal handterast på lågast mogleg nivå.

Fylkesmannen kan samordne innsatsen

Ved større kriser og katastrofar er det ofte fleire instansar som er involverte i krisehandteringa. I slike situasjonar kan Fylkesmannen samordne innsatsen. Dersom det blir aktuelt å setje i verk ei slik regional samordning, skal det opprettast kontakt mellom Fylkesmannen og dei aktuelle etatane. Her kan fylkesberedskapsrådet vere eit viktig forum.

Alle fylke skal ha eit fylkesberedskapsråd

Fylkesberedskapsrådet er sett saman av sentrale offentlege beredskapsaktørar og frivillige og private organisasjonar som har fagkunnskap om samfunnstryggleik og beredskap. Rådet er eit forum for gjensidig orientering om beredskapsarbeid, og i ein krisesituasjon vil rådet vere Fylkesmannens sentrale samarbeids- og støtteorgan.

Ved krig har Fylkesmannen mynde til å ta hand om viktige samfunnsinteresser dersom kommunikasjonen med regjeringa blir broten.

Vis meir

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har ofte ei aktiv rolle med å koordinere handteringa av større kriser og uønskte hendingar. I slike situasjonar vert ofte fylkesberedskapsrådet brukt aktivt. Fylkesberedskapsrådet i Sogn og Fjordane er sett saman av etatar som politiet, Helse Førde, Statens vegvesen, KS, NRK Sogn og Fjordane og NVE. I Sogn og Fjordane er fylkesberedskapsrådet òg atomberedskapsutval.


05.10.2018

Møte i tryggingsforum for Sogn og Fjordane

Fylkesmannen, Vest politidistrikt og dei to heimevernsdistrikta (HV-11 og HV-09) møttest 17. september for å diskutere felles problemstillingar.


28.06.2018

Den største militærøvinga i Noreg sidan 1980-talet

Heile 40 000 soldatar er med når Nato og Forsvaret skal øve saman i tida 25. oktober til 7. november. Trident Juncture 2018 er så stor at òg vanlege folk vil merke øvinga.


15.06.2018

Kommunar øvde på atomhending

Åtte kommunar øvde på å handtere ei atomhending i kombinasjon med ekstremvêr 5. juni. Til trass for høgt tidspress og lite støtte frå statlege atomstyresmakter, handterte dei hendinga på ein god måte.


14.02.2018

Fylkesberedskapsrådet øver på samhandling

Fylkesberedskapsrådet gjennomførte i dag ei skrivebordsøving med totalforsvaret som hovudtema.


13.02.2018

Cecilie Daae med innlegg for fylkesberedskapsrådet

Fylkesberedskapsrådet er tysdag og onsdag samla i Sogndal for å drøfte felles samfunnstryggleiks- og beredskapsutfordringar. Første føredragshaldar var Cecilie Daae, direktør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.


08.12.2017

«Strålande vêr» gav nyttige erfaringar

Dei åtte kommunane som deltok i øvinga «strålande vêr» vart utfordra på å handtere ei atomhending i kombinasjon med ekstremvêr. Sjølv om kommunane gjorde ein god jobb, meiner både dei sjølve og vi at det vil vere veldig nyttig å gjennomføre fleire slike øvingar.


27.11.2017

Lokal atomberedskap vert øvd

Tysdag 5. desember skal kommunane som har delteke i nødnettprosjektet øvast i regi av Fylkesmannen. Beredskap mot atomhendingar og bruk av Nødnett vert dei to viktigaste øvingsmomenta.


28.09.2017

Klargjering av ansvar knytt til evakuering

Vi har saman med politiet og Stryn kommune laga eit notat som tydeleggjer avnsvarsdelinga mellom politiet og kommunen ved evakuering. 


25.07.2017

Fylkesmannen på synfaring i flaumråka område

Den kraftige nedbøren måndag har ført til store skadar på infrastruktur og bustadar fleire stader i Nordfjord. 


24.07.2017

Telefonmøte med delar av fylkesberedskapsrådet

Det kraftige regnet det siste døgnet har ført til flaum i bekkar og elver, skred og lokale oversvømmingar fleire stader i Nordfjord. Særleg Stryn kommune har vorte hardt råka av uvèret. 


Fleire nyhende


Kontaktpersonar

Aktuelt

Kriseinfo.no er din inngang til myndighetenes kriseinformasjon.