Konferanse om samfunnstryggleik og beredskap

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand introduserar Monica Dobbertin frå Statens strålevern. Foto: Mari Severinsen/Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand introduserar Monica Dobbertin frå Statens strålevern. Foto: Mari Severinsen/Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (Foto: Mari Severinsen / Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)

Tema som øvingar, IKT-tryggleik og atomberedskap stod på programmet då vi arrangerte ein konferanse om samfunnstryggleik og beredskap denne veka.

Tysdag 30. oktober var kommunar og regionale beredskapsaktørar samla på Skei for fagleg påfyll. Vi hadde besøk av førsteamanuensis i samfunnstryggleik og risikostyring ved Universitetet i Stavanger, Bjørn Ivar Kruke. Han kom mellom anna med synspunkt og råd til kommunane om øvingar. Gulen kommune og Førde kommune følgde opp med gode innlegg om sine erfaringar med øving og trening. På delen om IKT-tryggleik hadde vi med oss Tommy Harjo frå Direktoratet for forvaltning og ikt og Gøran F. Breivik frå Bergen kommune. Harjo innleia med å snakke om det overordna trusselbiletet, medan Breivik delte erfaringar frå arbeidet med IKT-tryggleik i Bergen kommune.

Monica Dobbertin frå Statens strålevern opna bolken om atomberedskap. Ho snakka om eit trusselbilde i endring og forventningar til den kommunale atomberedskapen. Ingeborg S. Wathne orienterte om Mattilsynet si rolle i atomberedskapen. Ho fortalde om konsekvensar av atomhendingar for drikkevatn, matproduksjon og dyrehald. Det medisinske aspektet vart belyst av Terje Olav Øen frå Helse Førde og Linda Svori frå Fylkesmannen.

Det er mange spørsmål om jodtablettar, og Fylkesmannen kan gjerne ta imot og vidareformidle slike til Statens strålevern.

Avslutningsvis haldt fylkesberedskapssjef i Hordaland, Arve Meidell, eit innlegg om risiko- og sårbarheitsanalysar i plan. Han tek til i ny stilling som fagdirektør i planseksjonen frå 1. januar 2019, og skal primært arbeide med kompetanseheving knytt til ROS-analysar i plan.