Førebyggjande samfunnstryggleik

All planlegging skal fremme samfunnstryggleik. Det går fram av mellom anna plan- og bygningslova. Som lokal planstyresmakt har kommunane ansvar for og heimel til å nekte at areal som er eller kan vere utsette for fare, blir tekne i bruk. Dette gjeld for så vel enkeltståande byggjetiltak som meir omfattande planar.

Omsynet til samfunnstryggleik må føre til konkrete val

I praksis betyr dette blant anna at bustadfelt og institusjonar ikkje må leggjast til område som er utsette for flaum, skred eller andre hendingar som kan innebere fare for liv og helse. Det bør òg vere alternative forsyningsvegar av drikkevatn og straum dersom hovudtilførslane skulle bryte saman. Ved etablering av nye samferdselsårer skal bustadområde, skular og andre institusjonar skjermast best mogleg.

Kommunal ROS-analyse er lovbestemt

Risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) blir brukte til å kartleggje sannsynet for og konsekvensane av uønskte hendingar i eit bestemt område. Dette kan for eksempel vere flaum eller straumbrot. Ein heilskapleg ROS-analyse skal liggje til grunn for kommunens arbeid med samfunnstryggleik.

Vis meir

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane laga ferdig den første risiko- og sårbarheitsanalysen for heile fylket (fylkes-ROS) i 2007. Ei oppdatert utgåve av fylkes-ROS kom ut i 2017.

Fleire uønskte hendingar i fylket dei siste åra har gitt oss erfaringar som er viktige å ta med i det vidare arbeidet med å tryggje lokalsamfunna våre.


04.05.2018

Analyseseminar om risiko knytt til cruiseskip

Beredskapsaktørar frå Sogn og Fjordane og Hordaland diskuterte i går risiko og krisehandtering knytt til cruiseskip.


19.01.2018

Regionalt samarbeid styrker arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap

Fylkesmannen samarbeider tett med regionale aktørar som har ei viktig rolle innanfor samfunnstryggleik og beredskap. Denne veka hadde vi eit fellesmøte med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) region vest.


07.09.2017

Korleis redusere den avdekte risikoen?

Som ein del av revisjonen av risiko- og sårbarheitsanalysen for Sogn og Fjordane (Fylkes-ROS) har vi utarbeidd ein handlingsplan. 


15.05.2017

Fylkes-ROS 2017

Vi har no fullført revisjonen av risiko- og sårbarheitsanalysen for Sogn og Fjordane (fylkes-ROS). Arbeidet har vist at fylket har utfordringar. Eit samla fagmiljø meiner likevel at det alt i alt er tryggare enn nokon gong å bu og opphalde seg fylket. 


26.04.2017

Tunnelbrann – ei særleg beredskapsutfordring

Under revisjonen av risiko- og sårbarheitsanalysen for fylket (Fylkes-ROS) identifiserte vi tunnelbrann som ei uønskt hending det er nødvendig å gi særleg merksemd. Vi har difor utvikla eit risikoscenario om brann i vegtunnel.


07.04.2017

Nye rettleiarar om samfunnstryggleik i arealplanlegginga

Kommunen har ei viktig rolle i å samordne samfunnstryggleik og beredskap på lokalt nivå. Rolla inneber òg eit ansvar for å ta omsyn til risiko og sårbarheit i alle plan- og byggesaker. DSB har publisert to nye rettleiarar om korleis samfunnstryggleik kan takast vare på i arealplanlegginga.


13.03.2017

Klimatilpassing mellom fjord og fjell

Anne Karin Hamre opna i dag kurset "Klimatilpassing mellom fjord og fjell", som har som mål å styrke integrasjon av arbeidet med klimatilpassing i planlegging, leiing og politikk.  


02.03.2017

Rettleiar for planlegging av kommunal atomberedskap

Statens strålevern har kome med eit nytt plangrunnlag for kommunal atomberedskap, som gir ei rettleiing for arbeidet til kommunane på dette området.


16.02.2017

Fast - anlegg og kart

Det må takast omsyn til verksemder med farlege stoff i arealplanlegging, byggesakshandsaming og beredskapsplanlegging. Registeret FAST - anlegg og kart gir eit oversyn over anlegg med brannfarlege, reaksjonsfarlege og trykksette stoff. Registeret kan gi nyttig kunnskap til brannvesena, kommunane og fylkeskommunen m.v.


25.10.2016

Digitalt grunnkurs i kommunal beredskapsplikt

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap held eit gratis grunnkurs om kommunal beredskapsplikt i perioden oktober til desember 2016.


Fleire nyhende