Beredskap

For å kunne handtere kriser må samfunnet ha planar for krisehandtering, og vi må gjennomføre øvingar i tråd med desse planane. Alle aktørar på sentralt, regionalt og lokalt nivå har ansvar for både å planlegge og øve. 

I tillegg til å øve eigen kriseorganisasjon, har Fylkesmannen ansvar for jamleg å øve kriseleiinga i kommunane. Fylkesmannen skal dessutan vere ein pådrivar for øvingar som involverer andre regionale fagetatar, som til dømes Forsvaret. 

Beredskap er ein viktig del av samfunnsplanlegginga

Ei anna viktig oppgåve for Fylkesmannen er å sjå til at vi i samfunnsplanlegginga tek beredskapsomsyn, og at kommunane har eigne kriseplanar. 

Fylkesmannen skal koordinere den regionale atomberedskapen og medverke til at regionale og lokale etatar utviklar planar for å kunne handtere ei atomulykke. Her er det Statens strålevern som er nasjonal fagetat.

Vis meir

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane arrangerer jamlege kriseøvingar for kommunane. Vi har som mål at det ikkje skal gå meir enn fire år mellom kvar øving. Kommunane må jf. forskrift om kommunal beredskapsplikt øve kriseleiinga minimum ein gong annankvart år.

Med jamne mellomrom deltek vi dessutan i større øvingar saman med medlemmane i fylkesberedskapsrådet og andre beredskapsaktørar.


27.06.2018

Beredskap mot atomhendingar

– Tanken om at vi kan verte råka av ei atomhending kan verke fjern for mange oss, skriv beredskapsrådgjevar Stig Morten Tengesdal på Fylkesmannsbloggen. Les innlegget hans om korleis Fylkesmannen, som regionalt ledd, jobbar for å samordne og styrke atomberedskapen.


07.06.2018

Møte om skogbrannfaren

Brannsjefane, alarmsentralen og Fylkesmannen drøfta skogbrannberedskap med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. 


29.05.2018

Raud skogbrannfare

Som følgje av tørt og varmt vêr i vår, melder Meteorologisk institutt om svært stor skogbrannfare i store deler av Sør-Noreg. Det er viktig at folk respekterer forbodet mot å tenne opp eld.


05.01.2018

Satellittelefonen trengs når alt anna sviktar

Frå tid til annan opplever vi bortfall av tele- og internettenester. I slike tilfelle er det viktig at dei som har ansvaret for å handtere kriser har andre høve til å kommunisere med kvarandre.


04.08.2017

Varslingsrutinar for flaum og jordskred

NVE har oppmoda oss om å minne om rutinane for varsling av flaum og skred. I sommar har det vore, og er, ustabile luftmassar over store delar av landet. Slike situasjonar fører ofte til kraftige lokale byer, med fare for flaum og jordskred, som i Utvik og Breim 24. juli.


18.05.2017

Nytt EU-nettverk skal gje meir innovasjon i fylket

EU-nettverk Sogn og Fjordane skal hjelpe lokale aktørar inn i verdas største forskingsprogram, Horisont 2020. Første prosjektverkstad vert arrangert i Sogndal 31. mai, med hovudtema IT og beredskap.


30.03.2017

Beredskap knytt til faren for fjellskred frå Joasetbergi i Aurland

NVE gjorde i september i fjor ferdig ein rapport om fare- og risikoklassifisering av ustabile fjellparti. Klassifiseringa gav grunnlag for å definere Joasetbergi i Aurland som høgrisikoobjekt.


30.03.2017

Nye rutinar for varsling av naturfare

Kommunane må seinast 20. april teikne abonnement for å verte varsla om fare for flaum, jordskred og snøskred på gult nivå.


11.01.2017

Varsel om ekstremt høg vasstand og høge bølger

Meteorologisk institutt varslar at det torsdag føremiddag er venta ekstremt høg vass-stand (65-80 cm høgare enn det som er oppgitt i tidevasstabellen). 


11.01.2017

Ekstremvêret Vidar

For føremiddagen torsdag varslar Meteorologisk institutt om at det på Vestlandet sør for Stad er venta svært høg vass-stand (70-85 cm over verdiane oppgitt i tidevasstabellen).


Fleire nyhende