Samfunnstryggleik og beredskap

Alle har eit ansvar for å førebyggje uønskte hendingar og kriser, og å handtere dei viss dei likevel skjer. Vi må ta førebyggjande omsyn i alt frå arealplanlegging i kommunane til HMS-tiltak på den enkelte arbeidsplassen.

Fylkesmannen er eit bindeledd mellom sentrale og lokale styresmakter, og har ei sjølvstendig rolle som pådrivar og rettleiar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.

I ein krisesituasjon er politiet, den ansvarlege fagetaten eller kommunen den viktigaste informasjonskjelda til innbyggjarane. Fylkesmannen kan i ein del tilfelle ta eit samordningsansvar for krisehandteringa på regionalt nivå, for å sikre gode og samordna løysingar mellom aktørane. Fylkesberedskapsrådet er eit viktig forum for å ivareta samordningsansvaret. Rådet er samansett av sentrale offentlege beredskapsaktørar og frivillige og private organisasjonar. 

Vis meir

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjerne ein samordnande funksjon når det skjer uønskte hendingar i fylket. Uveret Dagmar som råka oss julehelga 2011 er eit døme på ei hending som kravde god samhandling mellom ei rekkje etatar.

Fylkesmannen kan ta initiativ til å samorden innsatsen i krisearbeidet, men kommunale og regionale etatar kan også sjølv ta kontakt med oss for å be om hjelp i ein krisesituasjon.


28.06.2018

Den største militærøvinga i Noreg sidan 1980-talet

Heile 40 000 soldatar er med når Nato og Forsvaret skal øve saman i tida 25. oktober til 7. november. Trident Juncture 2018 er så stor at òg vanlege folk vil merke øvinga.


07.06.2018

Møte om skogbrannfaren

Brannsjefane, alarmsentralen og Fylkesmannen drøfta skogbrannberedskap med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. 


01.06.2018

Fagsamling om samfunnstryggleik og beredskap

Det vil vere eit spennande og variert program med dyktige foredragshaldarar, om tema som mellom anna IKT-tryggleik, atomberedskap og planlegging og gjennomføring av øvingar.


29.05.2018

Raud skogbrannfare

Som følgje av tørt og varmt vêr i vår, melder Meteorologisk institutt om svært stor skogbrannfare i store deler av Sør-Noreg. Det er viktig at folk respekterer forbodet mot å tenne opp eld.


04.05.2018

Analyseseminar om risiko knytt til cruiseskip

Beredskapsaktørar frå Sogn og Fjordane og Hordaland diskuterte i går risiko og krisehandtering knytt til cruiseskip.


14.02.2018

Fylkesberedskapsrådet øver på samhandling

Fylkesberedskapsrådet gjennomførte i dag ei skrivebordsøving med totalforsvaret som hovudtema.


13.02.2018

Cecilie Daae med innlegg for fylkesberedskapsrådet

Fylkesberedskapsrådet er tysdag og onsdag samla i Sogndal for å drøfte felles samfunnstryggleiks- og beredskapsutfordringar. Første føredragshaldar var Cecilie Daae, direktør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.


19.01.2018

Regionalt samarbeid styrker arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap

Fylkesmannen samarbeider tett med regionale aktørar som har ei viktig rolle innanfor samfunnstryggleik og beredskap. Denne veka hadde vi eit fellesmøte med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) region vest.


05.01.2018

Satellittelefonen trengs når alt anna sviktar

Frå tid til annan opplever vi bortfall av tele- og internettenester. I slike tilfelle er det viktig at dei som har ansvaret for å handtere kriser har andre høve til å kommunisere med kvarandre.


08.12.2017

«Strålande vêr» gav nyttige erfaringar

Dei åtte kommunane som deltok i øvinga «strålande vêr» vart utfordra på å handtere ei atomhending i kombinasjon med ekstremvêr. Sjølv om kommunane gjorde ein god jobb, meiner både dei sjølve og vi at det vil vere veldig nyttig å gjennomføre fleire slike øvingar.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel