Avgjerd i to motsegner i Selje

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har godkjent at Selje kommune avset areal for eit nytt hytteområde på Sandvikneset ved Barmsund. Departementet godkjenner også eit større, nytt næringsområde på Årsheim. Kommuneplanen for Selje 2017-2029 er dermed endeleg godkjent.

Det var Fylkesmannen si miljøvernavdeling som i 2017 fremja motsegn mot dei to byggjeområda på Sandvikneset og Årsheim. Begge motsegnene var grunngjevne med strandsoneomsyn og omfattande inngrep i urørt natur.

Miljøvernavdelinga var særleg kritisk til det nye næringsområdet på Årsheim. Det godkjente næringsområdet ligg på utfylling i sjø, og strekkjer seg i overkant av 300 meter ut frå strandlinja, til Storeholmen og Småholmane lenger ute. KMD har lagt vekt på kommunen sine ønskje og behov for kunne å legge til rette for sjøretta næringsverksemd, og at det er lite tilgjengeleg næringsareal i denne delen av kommunen. Utbyggingsplanane legg også til rette for å utnytte dei store overskotsmassane frå Stad skipstunnel. KMD peikar på at kommunen må vurdere omfanget og arealbehovet grundigare i ein reguleringplan, men har tillit til at kommunen finn gode løysingar på dette.

Illustrasjon: kart over næringsområde på Årsheim

På Sandvikneset godkjenner KMD eit nytt byggeområde for fritidsbustader på lag 40 dekar. Den generelle byggjegrensa må likevel vere 40 meter frå sjø, slik at både allmenta og alle hytteeigarane i det nye feltet får god tilgang til strandsona. Departementet opnar samstundes for at kommunen kan gjere mindre justeringar av grensa ved detaljregulering, dersom kommunen kjem til at dette samla sett kan gje betre løysingar for området. Avgjerda for Sandvikneset er i samsvar med Fylkesmannen si tilråding, og med det som i hovudsak vart akseptert av miljøvernavdelinga under meklinga med kommunen.

Illustrasjon: kart over hytteområde på Sandvikneset ved Barmsund