Arealforvaltning

Frå Askvoll. (Foto: Miljøvernavdelinga)
Frå Askvoll. (Foto: Miljøvernavdelinga)

Det er i utgangspunktet kommunen sjølv som avgjer korleis areala skal brukast, så lenge arealbruken er innanfor rammene av nasjonal politikk. Fylkesmannen er fagstyresmakt innan landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik, og skal syte for at nasjonale interesser blir sikra. I tillegg skal vi sjå til at kommunale vedtak i plan- og byggjesaker er i samsvar med gjeldande lovverk.

Nasjonale retningslinjer må følgjast

Stortinget og regjeringa gir retningslinjer og rammer som kommunane skal leggje til grunn i arealforvaltninga. Fylkesmannen skal sørgje for at kommunane sikrar nasjonale interesser innanfor miljøvern, landbruk, helse og samfunnstryggleik. Vi skal også sjå til at planlegginga er i tråd med interessene til barn og unge. Dersom den kommunale arealforvaltninga er i strid med nasjonale interesser, skal Fylkesmannen gripe inn.

Fylkesmannen kan gripe inn ved å varsle eller fremme motsegn til arealplanar eller klage på vedtak i byggjesaker (dispensasjonsvedtak) som er i strid med arealplanen. Dersom kommunen vel ikkje å ta omsyn til motsegna, går saka til mekling mellom partane. Om meklinga ikkje fører fram, kan kommunen be om at saka blir send til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd.

Fylkesmannen er klageinstans

Dei som blir påverka av kommunale vedtak i reguleringsplanar og byggjesaker, og av vedtak etter jordlova, konsesjonslova og odelslova, kan klage til Fylkesmannen. Fylkesmannen behandlar også klagesaker etter matrikkellova, eigarseksjonslova, veglova, tomtefestelova og lov om kommunal forkjøpsrett. Fylkesmannen er i tillegg klageinstans i saker der det offentlege overtek privat eigedom etter plan- og bygningslova (ekspropriasjon). Denne typen klager blir først behandla av kommunen. Dersom kommunen ikkje gir klagaren medhald, sender kommunen klagen til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. 

Vis meir

Rettleiing innan planleggingsområdet (pbl)

Målgruppa for desse sidene er først og fremst kommunane. I venstremenyen finn du informasjon og rettleiing innafor planleggingsområdet.

Nyheiter om planlegging og arealforvaltning finn du under!

Lenkjer til tre viktige skriv som gjeld plan- og dispensasjonssaker:

Nyttige sider på Regjeringen.no med rettleiing om planlegging etter plan- og bygningslova:

Viss du skulle komme over lenkjer som ikkje fungerer på desse sidene, er det fint om du gir beskjed på e-post til fmsfdst@fylkesmannen.no.


03.10.2018

Nye retningslinjer for klimatilpassing

Regjeringa har vedteke statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing i kommunane.  


03.10.2018

Inviterer til regional plansamling

Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane inviterer til regional plansamling 2018. Det skjer på Sunnfjord Hotel & Spa i Førde, 6. og 7. november.


13.06.2018

Har du spørsmål om KU?

På heimesida til Miljødirektoratet er det no laga ei side med spørsmål og svar om konsekvensutgreiingar. 


06.06.2018

Omstridd fotballhall i Florø

Fylkesmannen meiner at ein storhall ved Litjevatnet i Florø vil gi store negative konsekvensar for det bynære friluftslivet og landskapet.


24.03.2017

Semje mellom Flora og Fylkesmannen

Etter ein omfattande og til dels krevjande planprosess, har Flora bystyre no vedteke arealdelen til kommuneplanen. Vedtaket er i tråd med forhandlingsresultat mellom miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen og forhandlingsutvalet i kommunen.


09.03.2017

Mange reguleringsplanar er utgått på dato

I dei fleste kommunar finst det reguleringsplanar som er eldre enn ti år, og der områda framleis ikkje er utbygde. Vi minner om krava i plan- og bygningslova om at plangrunnlaget skal vere oppdatert, og i samsvar med nasjonale og regionale interesser.     


02.03.2017

NRK-innslag om klageavgjerd i Gulen

På bakgrunn av innslag i NRK Vestlandsrevyen og NRK Sogn og Fjordane i går, vil vi informere nærare om innhaldet i ei klageavgjerd om dispensasjon i Gulen kommune.


09.11.2016

Avgjerd i klagesak om flystøy i Bergen

Bergen kommune gav i august 2015 dispensasjon og løyve til ein ny bustad i bydelen Ytrebygda, innanfor «gul støysone» for flystøy. Fylkesmannen i Hordaland har fått medhald i at løyvet vert oppheva, men ikkje i at reglane i byggteknisk forskrift gjeld føre støyføresegnene i kommuneplanen.


21.10.2016

Positiv til Atløysambandet

Fylkesmannen er innstilt på å tilrå endringar av vernevedtaket for Prestøy naturreservat, slik at fastlandssambandet til Atløy kan gjennomførast.


21.09.2016

Selje vil nytte massane frå Stad skipstunnel

I framlegg til revidert kommuneplan ønskjer Selje kommune å nytte massane frå Stad skipstunnel til å etablere fleire store næringsareal på fyllingar i sjøen. Fylkesmannen meiner at konsekvensutgreiinga av desse omfattande fyllingsareala er mangelfull.   


Fleire nyhende