Plan og bygg

Eide i Sogndal. (Foto: Miljøvernavdelinga)
Eide i Sogndal. (Foto: Miljøvernavdelinga)

Planlegging og arealforvaltning er ein føresetnad for god samfunnsutvikling. Det er regjeringa og Stortinget som fastset dei nasjonale måla, men det er kommunane og fylkeskommunane som har ansvaret for planlegginga på kommune- og fylkesnivået. Etter plan- og bygningslova skal kommunane samordne den fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga på sine område gjennom samanhengande kommuneplanlegging. Fylkeskommunen skal gjennom si planlegging samordne verksemda til staten, fylkeskommunen og kommunen i fylket.

Fylkesmannen har to sentrale oppgåver i arealforvaltninga:

  • Som fagstyresmakt innan landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik skal Fylkesmannen sørgje for at nasjonale interesser blir sikra.
  • Fylkesmannen skal sikre at kommunale vedtak i plan- og byggjesaker er i samsvar med gjeldande lovverk. 

Vis meir

Rettleiing innanfor planleggingsområdet

Under arealforvaltning i venstremenyen er det samla informasjon og rettleiing innafor planleggingsområdet. Målgruppa er først og fremst kommunane.  

Revisjon av samfunnsdelen og arealdelen til kommuneplanen

Fleire kommunar i Sogn og Fjordane har revidert og vedteke ny samfunnsdel og/eller arealdel til kommuneplanen, mens andre er i gang med dette viktige revisjonarbeidet av dei overordna planane sine.

Sjå kart over fylket som viser kor tid arealdelen til kommuneplanen sist vart revidert i dei ulike kommunane, og kven som er i gang med revisjon av planen. 


03.10.2018

Nye retningslinjer for klimatilpassing

Regjeringa har vedteke statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing i kommunane.  


03.10.2018

Inviterer til regional plansamling

Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane inviterer til regional plansamling 2018. Det skjer på Sunnfjord Hotel & Spa i Førde, 6. og 7. november.


12.07.2018

Avgjerd i to motsegner i Selje

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har godkjent at Selje kommune avset areal for eit nytt hytteområde på Sandvikneset ved Barmsund. Departementet godkjenner også eit større, nytt næringsområde på Årsheim. Kommuneplanen for Selje 2017-2029 er dermed endeleg godkjent.


13.06.2018

Har du spørsmål om KU?

På heimesida til Miljødirektoratet er det no laga ei side med spørsmål og svar om konsekvensutgreiingar. 


06.06.2018

Omstridd fotballhall i Florø

Fylkesmannen meiner at ein storhall ved Litjevatnet i Florø vil gi store negative konsekvensar for det bynære friluftslivet og landskapet.


05.06.2018

Rår ifrå ulovlege tiltak på hyttetomt i Fjaler

Fylkesmannen vurderer det slik at dei ulovlege tiltaka på ei hyttetomt i strandsona ved Folkestad gjev negative verknader for naturmiljø, friluftsliv og landskap, og at vilkåra for å gje dispensasjon ikkje er oppfylte.


11.04.2018

Reglar for oppstartsfasen i reguleringsplanarbeid

Ved nyttår vart forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningsloven sett i kraft. Målet er rask, effektiv og føreseieleg sakshandsaming med god kvalitet.


06.11.2017

Nasjonal klimakonferanse

Vi minner om årets nasjonale klimakonferanse i Sogndal, med hovudtema: Den nye klimapolitikken. På konferansen får du høyre mellom andre statssekretær Atle Hamar frå Klima- og miljødepartementet og professor Thomas Hylland Eriksen frå Universitetet i Oslo.  

Konferanseprogram og påmeldingsskjema finn du på konferansenettstaden
www.klimaomstilling.no. Endeleg påmeldingsfrist er onsdag 4. april.


26.09.2017

Reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Vievegen

Førde bystyre godkjente den 16. februar plan for ny gang- og sykkelveg langs fv. 484 Vievegen. Tiltaket er prioritert i Førdepakken og vil bli del av ein ny sykkelhovudveg sentralt i Førde. Helse Førde HF klaga på avgjerda, men Fylkesmannen har ikkje teke klagen til følgje.


29.08.2017

Fylkesmannen har stadfesta plan for Håbakken Næringspark

Lærdal kommune godkjente den 9. februar del II av områdereguleringa for Håbakken Næringspark. Fylkesmannen har stadfesta kommunen sitt vedtak. Områdeplanen opnar ikkje for konkrete industritiltak, som eventuelt må utgreiast vidare gjennom eigne detaljplanar.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel