Postjournal

Offentleglova gir innsynsrett i alle offentlege dokument. Innsynsretten gjeld det offentlege innhaldet i eit dokument.

Offentlege dokument skal førast i ein offentleg journal, slik at alle som vil, kan få oversikt over dei. Journalen blir lagt ut etter at opplysningane er kvalitetssikra med omsyn til personvern og krav til offentleggjering.

Fylkesmannen sin offentlege journal er tilgjengelig på portalen eInnsyn.

Personvern

Fylkesmannen behandlar kvart år mange saker som av ulike grunnar er unnatekne frå offentleg innsyn. Saker som er unnatekne offentleg innsyn, er merkte med den lovheimelen som er brukt.


Enkeltsaker som du kan be om innsyn i

Ein del journalinnføringar kan etter offentleglova § 27 og forskrift av 17. oktober 2008 nr. 1119 § 9 unntakast frå den offentlege journalen. Dette gjeld mellom anna enkeltsaker om separasjon, skilsmisse, biologisk opphav, barnefordeling-/samværsrett og enkeltsaker etter barnevernlova, sosialtenestelova, psykisk helsevernlova og verjemålslova. For å gjere journalen vår meir oversiktleg, har vi valt å ikkje leggje ut saker som gjeld førarkort, separasjon og skilsmisse. Dersom du har spørsmål om denne sakstypen, kan du kontakte oss på fmsfpost@fylkesmannen.no.